Historisk årsmøte med godt frammøte - Fagforbundet

Historisk årsmøte med godt frammøte

20180126_192058.jpg

Fredag 26. januar 2018 var det 98 medlemmar som var med på eit på mange måtar historisk årsmøte i Fagforbundet avd. 12 Stryn og Hornindal.

For det fyrste var det Fagforbundet avd. 12 Stryn og Hornindal sitt 15. ordinære årsmøte, men det historiske knytte seg nok meir til vedtaket om å dele fagforeininga slik at medlemmar tilhøyrande Hornindal(det som vert ny Volda kommune frå 1.1.2020) vart overført til Fagforbundet Volda avd. 501 frå 1. april 2018. Det var ingen tvil om at det var mykje følelsar i sving kring eit slikt vedtak. Men styret hadde i lag med tillitsvalde kome fram til at tida for å gjere dette var kommen. Styret og tillitsvalde peika på at ein no kan få ein best muleg overføring av medlemane ved å gjere dette i god tid før den nye kommunen er oppretta. Medlemar og tillitsvalde vil då kunne gjere seg kjende i fagforeiniga i Volda på ein god måte og i godt tid før sjølve samanslåinga. Medlemar frå Hornindal er og gjennom årsmøtevedtak i Volda sikra to plassar i styret i Volda. Årsmøte i Fagforbundet avd. 12 Stryn og Hornindal gjorde eit samrøystes vedtak i tråd med styret si innstilling.

Frå 1. april vert og namnet til fagforeininga endra til Fagforbundet avd. 12 Stryn.

Sjå vedlegg for saksutgreiing.

Arne Spilde, leiar avd. 12 Stryn og Hornindal

Dokumenter